George Thomson
George Thomson | |
George Thomson måla av Henry Raeburn | |
Statsborgarskap | Skottland |
Fødd | 4. mars 1757 Limekilns |
Død |
18. februar 1851 (93 år) |
Yrke | musikkforskar |
Far | Robert Thomson |
Mor | Anne Stirling |
Ektefelle | Katharine Miller |
Born | Georgina Thomson |
George Thomson på Commons |
George Thomson (4. mars 1757–18. februar 1851) var ein skotsk musikkforleggar og ein venn av diktaren Robert Burns.[1] Han var aktiv i foreiningslivet for kultur i Edinburgh gjennom heile livet. Musikksamlinga hans A Select Collection of Original Scottish Airs for the Voice kom ut i seks band mellom 1793 og 1841,[2] og inneheldt mellom anna songar av Burns, lord Byron, Thomas Moore, Walter Scott og Thomas Campbell. Thomson gav ut folketonearrangement av verk av Joseph Haydn,[3][4] Ludwig van Beethoven,[3] Ignaz Pleyel,[3] Leopold Kozeluch,[3] Johann Nepomuk Hummel,[5] Carl Maria von Weber,[2] Henry Rowley Bishop[2] og Robert Archibald Smith.[3]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]George Thomson var fødd i 1757 i Limekilns i Dunfermline. Far hans var skulemeister i Limekilns og hadde ei viss juridisk utdanning. I 1780 fekk Thomson ei kontorstilling ved skotske Board of Manufactures etter anbefaling frå John Home, og var her resten av karrieren, i 59 år, og enda opp med leiarstillinga Chief Clerk. Han blei med i Edinburgh Musical Society, der han spelte fiolin i orkesteret og song i koret. Dottera hans Georgina blei gift med redaktøren og musikkforleggjaren George Hogarth, og barnebarnet hans Catherine blei gift med forfattaren Charles Dickens.
Collection of Scots songs
[endre | endre wikiteksten]Thomson spelte i orkesteret til St Cecilia-konsertane, og høyrde framføringar av skotske songar frå italienske kastratsongarar som vitja Skottland. Dette gav han ideen om å gje ut ei samling skotske songar med nye akkompagnement og passande tekst.[6] Sommaren 1792 fekk han Andrew Erskine, ein yngre bror av komponisten Thomas Erskine, Earl of Kellie, til å ta del i prosjektet, men rundt femten månader seinare tok Erskine, som hadde stor spelegjeld, livet sitt ved å kasta seg i Firth of Forth.
For å halda fram prosjektet spurte Thomson advokaten Alexander Cunningham om han kunne senda eit introduksjonsbrev for han til Robert Burns, og i september 1792 sendte han dette saman med sitt eige brev der han skreiv:
"For some years past, I have, with a friend or two. employed many leisure hours in collating and collecting the most favourite of our national melodies, for publication.... we are desirous to have the poetry improved wherever it seems unworthy of the music.... Some charming melodies are united to mere nonsense and doggerel, while others are accommodated with rhymes so loose and indelicate as cannot be sung in decent company. To remove this reproach would be an easy task to the author of The Cotter's Saturday Night... We shall esteem your poetical assistance a particular favour, besides paying any reasonable price you shall please to demand for it". |
Burns var allereie ein bidragsytar til James Johnson si songsamling The Scots Musical Museum og gjekk med på å utføra arbeidet, men la indignert til at det ikkje måtte vera snakk om pengar: "In the honest enthusiasm with which I embark in your undertaking, to talk of money, wages, fee, hire, etc. could be downright Sodomy of Soul! A proof of each of the Songs that I compose or amend, I shall receive as a favour."
Select Scottish Airs
[endre | endre wikiteksten]Fyrst del av Thomson si Select Scottish Airs kom ut i juni 1793, og inneheldt 25 songar av Burns.[2] Thomson sendte han eit eksemplar, og ein fempundsetel med ein liten merknad om at «you must suffer me to enclose a small mark of my gratitude, and to repeat it–afterwards when I find it convenient». Burns svarte indignert:
that you truly hurt me with your pecuniary parcel. It degrades me in my own eyes. However, to return it would savour of bombast affectation; But, as to any more traffic of that Dr and Cr kind, I swear, by that HONOUR which crowns the upright Statue of ROBt BURNS'S INTEGRITY! On the least notion of it, I will indignantly spurn the by-past transaction, and from that moment commence entire Stranger to you!
Thomson gjorde ikkje fleire forsøk på å betala Burn før diktaren, mot slutten av livet, desperat bad om fem pund til.
Burns gratulerte han med den elegante utsjånaden til boka, og Thomson bestemte seg snart, ved hjelp av den villige samarbeidspartnaren sin, om å ta med «every Scottish air and song worth singing».
Burns fortsette å bidra med songar til nokre dagar før han døydde. Han brevveksla mykje med Thomson, og svarte på redaksjonelle forslag og opphav grunnar for å endra ein gammal song eller skrive ein ny song til ein bestemt melodi. Dette gjev eit verdifullt innblikk i tilnærminga hans til skotsk song. Når Burns ein gong hadde uttalt sine ønske, argumenterte Thomson sjeldan imot, men gjorde nokre gongar endringar uten å konsultere diktaren, og ignorerte førespurnaden frå Burns om å senda tilbake songar som var ueigna for Johnson til å trykka. Burns gjorde det klart at ved å gje ei utgåve av ein song gav han ikkje bort opphavsretten. Alternative engelskspråklege versjonar av songane blei laga av John Wolcot under pennenamnet «Peter Pindar», men etter at han trekte seg tilbake i august 1793 overtalte Thomson Burns til å også skriva dei engelske versa i tillegg til sin eigen tekst på skotsk.
Thomson foreslo ofte «forbetringar» som Burns avviste. Eit spesielt tilfelle var «Scots Wha Hae», der Thomson insisterte på eit alternativ til den kjende melodien, og fekk Burns til å endre strofene sine for å passa, men blei seinare tvinga av offentleg press til å gå tilbake til den originale versjonen.[6]
Burns skreiv:
You cannot imagine how much this business of composing for your publication had added to my enjoyments. What with my early attachments to ballads, Johnson's Museum, with your book, etc. Balladmaking is now as completely my hobbyhorse, as ever Fortifications was Uncle Toby's ; so I'll e'en canter it away till I come to the limit of my race (God grant that I may take the right side of the winning post!) and then chearfully looking back on the honest folks with whom I have been happy, I shall say, or sing, 'Sac merry as we a' hae been'.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Thomson, George in New Grove, 2. utg., av David Johnson og Kirsteen C. McCue, V. 25, s. 419
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «Publication history and partial contents». IMSLP Petrucci Music Library. Henta 13. oktober 2021.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Thomson, George (1822–1825). «Thomson's Select Melodies of Scotland, Ireland and Wales». London: Preston.
- ↑ Edwards, Warwick (2004). «New insights into the chronology of Haydn's folksong arrangements: reading between the lines of the George Thomson correspondence» (PDF). University of Glasgow.
- ↑ J. Sachs. (1970). Hummel and George Thomson of Edinburgh. The Musical Quarterly, 56(2): 270–287.
- ↑ 6,0 6,1 Donald A. Low, red., The Songs of Robert Burns (London: Routledge, 1993), ISBN 0203991117, s. 16–24.
- Denne artikkelen bygger på «George Thomson» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juni 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- McCue, Kirsteen (2003) «The most intricate bibliographical enigma»: understanding George Thomson (1757-1851) and his collections of national airs", in: Richard Turbet, red. Music Librarianship in the United Kingdom Aldershot: Ashgate; pp. 99–119